Logo_Innovasjon Norge

Logo_Innovasjon Norge

Etableringskurs haust 2013

Ynskjer du å starte opp med eiga bedrift, eller er du nysgjerrig på å finne ut om det kan vere noko for deg? Kanskje har du allereie starta opp?

Meld deg på etableringskurset til Innovasjon Norge!

Kursopplegg

Det er bedriften VINN som gjennomførar kursa kvart år, i oppdrag frå Innovasjon Norge. Det er totalt fem kurskveldar / modular. Du står fri til å velje kva slags modul du vil delta på, men det anbefalast å bli med på alle:

Modul 1: Kundebehov og verdiløfte

Modul 2: Kunderelasjoner og distribusjonskanal

Modul 3: Budsjett og kapitalbehov. Formaliteter

Modul 4: Nøkkelressurser og nøkkelpartnere

Modul 5: Likviditet, regnskap som styringsverktøy

 

Kurs for nye næringsdrivande - skatt og meirverdiavgift

I tillegg til etableringskurset så arrangerar Skatt Øst eit introduksjonskurs for dei som ynskjer å lære meir om skatt og meirverdiavgift. Dette går over tre timer, og du kan velje mellom to ulike organiasjonsformar - enkeltpersonføretak eller aksjeselskap (AS). Kurset er gratis, og blir arrangert på Lillehammer (m.a). Fyrste kurset hausten 2013 er i september. 

Sjå kursdatoar og les meir om "kurs for nye næringsdrivende" på skatteetaten sine sider: http://www.skatteetaten.no/no/Bedrift-og-organisasjon/Starte-bedrift/kurs-for-nye-naeringsdrivende/

Påmelding og meir informasjon

Du kan lese meir om kurset på Innovasjon Norge sine heimesider. Her kan du òg melde deg på:

http://www.innovasjonnorge.no/Kontorer-i-Norge/Oppland/Arrangementer/Etablererkurs-i-Oppland1/

I tillegg til etableringskurs tilbyr kommunane gratis veiledning til dei som ynskjer å starte opp med eigen bedrift.
Dei fleste kommunar har tilsett næringssjef / næringsutviklar, men dette kan variere. Ta kontakt med din kommune for å få hjelp. I Lom kommune kan du ta kontakt med Åshild Amundsen for å få veiledning, på tlf. 975 22 977 / 612 17336 eller e-post ashild.amundsen@lom.kommune.no


 

Fornøgd med etableringskurset

Les om Bjørn Krey frå Lom som tidlegare deltok på etableringskurset:

http://www.lom.kommune.no/fornoegd-med-etableringskurs.5129152-155143.html

Tips ein ven Skriv ut