Medier og Informasjon

Eventyret om Medier og Informasjon - eit valfag ved LUS

Valfaget "Medier og informasjon" ved Lom ungdomsskule er ikkje heilt som andre fag. Elevane får i dette faget eit heilt anna innsyn i data og informasjonsbehandling - heilt ned på kodenivå. Læraren Roar Grande Lyng har og eit heilt eige svar på kva faget handlar om dersom han blir spurd - sjå svaret hans lenger ned i artikkelen!

Roar Grande Lyng - lærar i valfaget Medier og informasjon

01001100 01001111 01001101

Sa ikkje denne overskrifta deg noko? Det er kanskje fordi den er skrive i binært talsystem. Dette systemet er grunnsteinen i all databehandling, og det er ned på dette nivået Roar Grande Lyng tek elevane sine - nesten. I haust fokuserar han og elevane i valfaget "medier og kommunikasjon" på å koda eigne program og spel. Det kan kanskje høyrast vanskeleg ut, men etter å ha vore innom ein av timane med denne gjengen er eg overtydd om at dette får dei til! 

Ivrige elevar - gutar som jenter, sat ved kvar si datamaskin djupt inne i kreativ idémyldring for å programmera maskinene til å gjera akkurat som dei vil...dei laga sine eigne program og spel! Roar vandra ivrig rundt med gode tips og råd. Dei nyttar nettstaden SCRATCH for å programmera - alt i frå spel til meir seriøse applikasjonar, Roar rapporterar ivrig om ivrige elevar...det er tydeleg at denne gjengen har det moro medan dei lærer. 

Det kan og sjå slik ut i teksta Roar sendte som informasjon om faget: 

...ein ny applikasjon blir skapt!

Eventyret om Medier og Informasjon - eit valfag ved LUS

Kva i all verda gjer dei i valfaget Medier og Informasjon på Lom Ungdomsskule?

…lurde ein forelder på da vesleguten kom heim ein torsdag i september. Pjokken hadde runde blå augo som var store og våte mens han vippa fram og tilbake på hælane og mumla uforståelege fraser om løkker og binære tal som erstatta vanlege tal, som til alt overmål ikkje eingong var ekte tal, men heller berre noko som slo eit eller anna av og på. Nei, no er du ikkje riktig frisk, tenkte forelderen og sende guten til sengs med varmeflaske og eit termometer i øyra.

Jau, gjer vel og sett deg godt til rette i armkroken min no, så skal ei fortelje deg ei soge om dei nyfikne ungdomsskuleelevane som høyrde på lærardraugen då han la ut i det vide og breie om kva for under som låg til grunn for dei magiske nettsidene vi  finn på verdsveven. Lærardraugen brumma høgt om pikslar, aksar, algoritmar, algebraisk logikk og liknande omgrep som gjorde at han sjølv vassflaug om kjeften i rein forventning om kva for reise han no skulle ta elevane med på. 

Men, gleda var kortvarig for lærardraugen. Han hadde ikkje gurpa og bråka i meir enn eit kvarters tid før han fekk nasen ned frå taklampa og stira på elevane sine. I staden for strålande små soler som skein forventningsfullt imot han, kjende han ein kaldgufs av rein uforstand og likegyldigheit frå elevar som diverre ikkje hadde fått med seg eit einaste gurp av det lærardraugen hadde pressa ut – nettopp sidan det var det det var. 

Javel, sa læraren med den vanlege stemmen sin, er det nokon her som veit kva Flappy Bird er? Joda, det var mange av elevane som visste kva dette dataspelet var for noko. Er det nokon av dykk som tykkjer at det er moro å spele Flappy Bird?, sa læraren, fortsatt med den vanlege stemmen sin. Jau, dei fleste nikka og gav med det eit signal om at det var eit morosamt spel. Kva om eg kan fortelje dykk at de skal få lage dykkar eige Flappy Bird spel, og at det ikkje er vanskeleg i det heile, høyrest det bra ut?, sa læraren med eit lite smil. JAAAAAA, ropte elevane i skjønn samklang. Kaldgufsen forsvann, auga til elevane stråla om kapp med sola og eit blendande lys frå kritkvite smil blenda læraren som stod fremst i rommet.

Hehehe, no har eg dei, tenkte lærardraugen…

Ein ivrig gjeng hadde ikkje tid til å sjå opp frå kodeprosjekta sine

PS!

Elevar i valfaget har tidlegare arbeidd mykje med produksjon av nettsider og nettsideinnhald, noko som har resultert i den digitale skuleavisa "LUSAVISA". Dette arbeidet kan du ta ein kikk på her: http://www.lusavisa.origo.no/

Elevane får ivrig og entusiastisk drahjelp hjå Roar!
Elevane får ivrig og entusiastisk drahjelp hjå Roar!
Tips ein ven Skriv ut