roof-915444_640

Feiing og bustadtilsyn

                                                          

 

Feiing og tilsyn med fyringsanlegg
Lom og Skjåk brannvesen vil med dette informere om at det er innført lovkrav om feiing og tilsyn i aller typer bygg med fyringsanlegg  og eldstad. Jfr. Brann og eksplosjonsvernlova av 14. juni 2001 § 11h og Forskrift av 1. januar 2016 om brannforebygging §§6 og 17.
Forskrift om brannforebygging, er ei forskrift som skal bidra til å redusere sannsynlegheita for brann, og begrensa konsekvensane brann kan få for liv, helse, miljø og materielle verdiar.

 

Forskrifta pålegg kommunane å sørge for feiing av skorsteiner og tilsyn med fyringsanlegg etter behov. I medhald til forskrifta, som var gjeldande frå  1.januar 2016, gjeld feiing og tilsyn alle fyringsanlegg i alle type bygg, og ros vurdering gjev utgangspunktet for kor ofte dette skal gjennomførast.

 

Lom og Skjåk brannvesen har nytta 2016 til planlegging av korleis dette kan gjennomførast, og frå 1. januar 2017 blir det innført feiing/ tilsyn på alle hyttar, sætrar og fritidsbustadar, samt næringsbygg.

Kor ofte skal feiing og tilsyn utførast…..
For hyttar, sætrar og fritidsbustadar blir det lagt opp til feiing og tilsyn kvart 8. år, feiing og tilsyn blir utført på same tidspunkt. Generelt blir hyppigheita på tilsyn i ordinære bustadar blir endra frå kvart 4. år til kvart 8. år. Feiing blir  fastsett ut i frå behovet for kvart fyringsanlegg, og vil vera opp til kvart 5. år for mange. Etter besøk frå feiaren kan denne hyppigheita blir forandra.

Gebyr
Når det gjeld gebyr for feiing og tilsyn for fritidsbustadar, hyttar og sætrer, så blir dette gjort på same måte som for bustadar. Alle heimelshavare på hyttar, sætrar, fritidsbustadar og næringsbygg blir ilagt gebyr frå januar 2017.
Størrelsen på gebyret er fastsett av kommunane, og det er etter sjølvkostprinsippet. Eigare av desse objekta betalar ein delsum av gebyret kvart år, uavhengig av kva for år det er utført feiing og tilsyn.

Eigars ansvar
Når  feiaren kjem må eigar, eller representant for eigar, vera tilstades ved objektet. Dette for at feiaren skal inn å ta tilsyn på fyringsanlegget inne. For å kunne gjennomføre feiing må det vera tilrettelagt for adkomst til tak. Det er krav til sikker adkomst til og på tak for feiaren.
Det er krav til røykvarslar og sløkkkemiddel som i bustadhus.

Dersom feiaren finn alvorlege feil eller manglar ved fyringsanlegget, vil dette bli følgt opp på vanleg måte, og avvika må utbetrast inna ei fastsett frist.

Tips ein ven Skriv ut