Årets bibliotekkake

Årets bibliotekkake

Feiring av prisen som "Årets bibliotek 2012"

Lom folkebibliotek feirar prisen Årets bibliotek 2012 torsdag 21. februar med alle våre lånarar!Vi serverer kaffi og kake frå Bakeriet i Lom i heile opningstida 12.00 - 19.00.
Kl. 13.30 kjem Reidar Kjeldsen og pratar om bøkene sine for 4. og 5. klasse.
Kl 16.45: Startskot for Bibliotekstafetten, med ordførar Bjarne Eiolf Holø og kommunestyret til stades, i høve 100-års markeringa til Norsk Bibliotekforening og feiringa av Språkåret.
Den produktive forfattaren Brit Bildøen presenterer og les deretter frå den siste boka si «Adam Hiorts veg».

Vi håpar mange møter opp og blir med oss på feiringa torsdag!

Gratis inngang.
Tips ein ven Skriv ut