Fekk sentrumsråd frå Lom

Nyleg var ordførar Simen Bjørgen invitert til eit møte i Oppdal for å avsløre korleis Lom har klart å skape eit pent sentrum.
Initiativtakar til møtet, Bjørn Østbye i Oppdal Hytteforum, seier at det ikkje er tilfeldig at Simen Bjørgen vart invitert til Oppdal.
- Lom er ein kommune som har lagt veldig vekt på utviklinga av bygdesenteret. Ikkje at det skal vera ein mal for Oppdal, men det kan vera lurt å høyre kva for tankar som ligger bak ei slik satsing, seier Østbye.
Oppdal Hytteforum skriv sjølv i invitasjonen at Oppdal sjeldan vert karakterisert som eit pent sentrum, og at lomsordføraren kanskje kan koma med gode innspel.
Tips ein ven Skriv ut