Biletet syner fisking på Skim

Biletet syner fisking på Skim

Fiskesprell og sveitteperler

Det var aktivitetsdag ved Skimhytta torsdag 10. mai, i samband med verdas aktivitetsdag.
Fiskekonkurranse ved Skimhytta og motbakkeløp opp Tronoberget - her fekk dei fleste prøvd seg!
Biletet syner fisking på Skim
Frikk Kolden lærer bort fiskekunstane sine

Bålkaffe og fiskelykke

Det var på det meste opp mot 30 personar, store og små, som fiska, grilla eller berre slappa av ved Skimhytta torsdagskvelden. Lom jeger og fisk stilte med skikkeleg bålkaffe. Tanken om ein gaida tur til Staurustberget med Lom IL vart ikkje noko av, men det var to damer som la i veg likevel. Elles hadde Fjellstyret fiskestenger til disposisjon, slik at alle som ville fekk fiske. Naval, som aldri har fiska før, vart denne kveldens storfiskar med tre fiskar på rappen! Var det nybyrjarflaks, eller har vi fått eit nytt fisketalent i bygda?

Var du raskare enn Ola Helstad..?

Ti sprekingar la friskt i veg opp Tronoberget, der Herdis Kvamme Repp sat spent på toppen for å sjå kven som kom fyrst. Vart det Ola som ville kome til syne fremst..? Spaninga var til å ta og kjenne på. Til slutt viste det seg at Kjell Gaukstad nådde målet fyrst, med Lars Eivind Sulheim hakk i hæl. Ola vart nr 8 på lista. Ein flott innsats av alle saman! Oss sjåast til neste år, same tid, same stad!
Biletet syner storfiskarane denne kvelden
Storfiskarane har fått premiar
Biletet syner fisking på Skim
Ein trivleg kveld ved Skim
Biletet syner ein flott fiskegjeng oppstilt utanfor Skimhytta
Skitt fiske!
Tips ein ven Skriv ut