Fjellpolitikk på programmet i Lom

Torsdag 12. og fredag 13. mai samlar Fjellregionsamarbeidet 70 deltakarar frå fjellregionane i Sør-Noreg på Fjellmuseet i Lom for å diskutere fjellpolitikk. Tema er bygdeutvikling nær villreinområda, naturbruksutdanning i fjellregionane, og marknadsføring av reiselivet.
Statssekretær Heidi Sørensen i Miljøverndepartementet og politisk rådgjevar Anja Hjelseth frå Kommunal- og regionaldepartementet vil begge utdjupe problemstillingar rundt korleis næringsutvikling kan skje nær verneområde. Rundt villreinområda i Sør-Noreg er det i gang arbeid med regionale planar, og dette er difor utgangspunktet for denne diskusjonen. Prosjektleiar Ellen Korvald vil konkret ta for seg korleis bygdeutviklingsperspektivet er tatt inn i planforslaget for Hardangervidda, som akkurat har vori på høyring. Det er forventa stort engasjement frå deltakarane i debatten etter desse innlegga.

Naturbruksutdanning

Eit anna emne som engasjerer mange i fjellregionane er tilbodet innan naturbruksutdanning. I Nord-Gudbrandsdal vart Klones vidaregåande skule lagt ned for nokre år sia, og det er også andre fylke som kan oppleva at dette tilbodet blir borte frå fjellregionane. Ved både Ål og Storsteigen vidaregåande skular ønskjer dei å satse på naturbruksutdanninga, og rektorane ved dei to skulane vil saman formidle korleis dette kan gjørast i framtida.

Marknadsføring av fjellregionane

Korleis kan reiselivet i fjellregionane organisere seg for å bli meir synleg i marknadsføringa? Det er gjennomført ei utgreiing om strukturen i reiselivet, og Tore Haug frå NHO Innlandet vil presentere konklusjonane frå denne. Audun Pettersen frå hovudkontoret til Innovasjon Norge vil seia korleis dei ser på reiselivet i fjellområda i Sør-Noreg, og Kristian Jørgensen vil presentere Fjord Norge – eit samarbeid om å marknadsføre fjordane på Vestlandet i utlandet.

Fjellnorge

Oppland fylkeskommune har lansert omgrepet “FjellNorge”, og reiselivsrådgjevar Liv Bjerke vil fortelja korleis dette kan blir ein mogleg markanadsføringskanal for reiselivet i fjellområda. Lom er peika ut som nasjonalparklandsby, og etter at det faglege programmet er gjennomført inviterer ordførar Simen Bjørgen til vandring gjennom tettstaden. Konferansen går av stabelen på Fjellmuseet, medan overnatting og festmiddag skjer på Fossheim Hotell.
Tips ein ven Skriv ut