Idretthall? Kulturhus? Vidaregåande skule? Helsesenter? Konferansesal? Diktarhus?

Fleirbrukshall eller?

Treng vi dette? Maktar vi å reise dette? Maktar vi å drive dette i åra som kjem?
Dette er vurderingar som må gjerast i tida framover.
Lom kommunestyre vedtok i sak 45/2009 den 30.sept. å setja i gong ein prosess med vurdering av fleirbrukshall med utgongspunkt i planane frå 2002.
Administrasjonssjefen har fått mandat til å oppnemne ei arbeidsgruppe til å støtte seg i det førebuande saksarbeidet. Arbeidgruppa er sett saman av

Administrasjonssjef (leiar)
Helse- og velferdssjef
Plan- og utviklingssjef
Teknisk sjef
Kultur- og ungdomskonsulent
Rådgjevar – stab adm.sjef


I tillegg til hallplanane frå 2002 skal det vurderast om ein kan kombinere dette med lokale for vidaregåande skule og helsesenter (eller delar av helsetenestene).

Ei vurdering av bruk og renovering av Lom samfunnshus vil kunna vera ein naturleg del av det heile, utan at dette er spesifisert i kommunestyrevedtaket.

Førebelse vurderingar skal etter planen leggjast fram for budsjettutvalet innan
15.nov. 2009.
Meininga er at endeleg prosjektering skal gjerast i samband med vedtak om budsjett og
økonomiplan.

Blir det vedteke å gå vidare med planane, vil det etter kvart bli meir konkretisert og saka vil deretter bli sendt ut til høyring.
Tips ein ven Skriv ut