Skjermbilde 2016-08-15 kl

FLYTTING AV LEGEKONTORET, HELSESTASJONEN, JORDMOR OG FYSIOTERAPIEN

Ombygging  av helsesenteret skal starte opp den 24. oktober.

Dette medfører at det blir «unntakstilstand» for fysioterapi, helsestasjon, jordmor og legeteneste  i neste veke (veke 42), medan vi ryddar ut av lokala og flytter.

Legekontoret, helsestasjonen og jordmor skal i ombyggingstida ha kontor i 3. etasjen i midtbygget på helseheimen (gamle føden). 

På legekontoret vil det vera redusert drift måndag den 17. og tysdag den 18. oktober,  men  minst ein lege vera tilgjengeleg ved  ø-hjelp måndag og tysdag. Frå onsdag 19. er planen at legekontoret skal vera i normal drift att. 

Helsestasjon og jordmor held  stengt måndag den 17. og tysdag den 18. oktober. 

Alle er vonleg i normal drift  frå onsdag 19. oktober. 

Fysioterapien flytter til underetasjen på gamle Loar (der friviljugsentralen var) onsdag 19. og torsdag 20. oktober og held heilt stengt desse dagane.  Dei er vonleg i drift att fredag 21. 

Vi ber om innbyggjarane si forståing for at det i samband med flyttinga vil vera ein del utfordringar for dei som skal yte dei nemnte tenestane. 

Tips ein ven Skriv ut