Modell av fleirbrukshall sett frå Grov

Modell av fleirbrukshall sett frå Grov

Førprosjektet for fleirbrukshus ferdig

Førprosjektet for fleirbrukshus er gjennomført av Rojo Arkitekter i Trondheim. Førprosjektet har fått med svært mange av dei innspela som har kome i høyringa og gjennom referansegruppa.

109 millionar

Kommunestyret har sett av om lag 84 millionar til prosjektet i økonomiplanen ut frå signala i skisseprosjektet. Førprosjektet stipulerer ein totalkostnad rundt rekna 25 millionar over dette. Hovudgrunnen i tillegg til høgare kvadratmeterpris grunna byggjelånsrente og allmenn prisauke er auka totalareal i forhold til skisseprosjektet. Kommunestyret har bede styringsgruppa om å vurdere reduksjonar som gjer at ein held den opphavlege kostnadsramma, men då med tillegg av venta byggelånsrente og allmenn prisauke. Frist for dette er 1.februar.
Teikna inngongsparti på førprosjektet for fleirbrukshus
Teikna inngongsparti på førprosjektet for fleirbrukshus

Innspel og omfang

Førprosjektet syner eit anlegg som i prinsippet inneheld heile tri delar: vidaregåande skule, idrettshall og opprusting/ombyggjing av samfunnshuset til kulturhus. Innspel gjennom høyring og frå referansegruppa samansett av ulike brukargrupper har i stor grad blitt teke omsyn til i prosessen.
Førprosjekt fleirbrukshus. Fasade mot nordvest.
Førprosjekt fleirbrukshus. Fasade mot nordvest.

Vidaregåande skule

I skuledelen er det lagt inn tri klasserom og fleire grupperom i grunnplanet. Dessutan er det teikna administrasjonsdel i andre høgda. Skulen vil også disponere ein del fellesareal med dei andre funksjonane, t.d. idrettsanlegg, kjøken/kantine og vrimleareal. Fylkeskommunen vil leige skuleareala på lang sikt, sidan vidaregåande skule er fylket sitt ansvar.
Førprosjekt. Teikning av grunnivå hall og kjellar.
Førprosjekt. Teikning av grunnivå hall og kjellar.

Idrettshall

Sjølve idrettshallen inneheld handballbane, tribune, garderobar og lagerplass. Hallen kan delast i tri mindre gym.salar, slik det er vanleg i tilsvarande hallar. I tillegg til nye garderobar er planløysinga slik at eit sambruk med dei garderobane som er i samfunnhuset i dag vil vera praktisk.
Førprosjekt. Teikning av 1. etasje med hovudinngong.
Førprosjekt. Teikning av 1. etasje med hovudinngong.

Kulturhus

Samfunnshuset får oppgradert kjøken med høve til kantinedrift. Salen får teleskoptribune for publikum og senegolv på grunnivå. Styring av lyd- og ljosanlegg er lagt til filmrommet i andre høgda. Salen blir då eigna til m.a. både seneframsyningar og konferansar. Alt i alt syner planane eit fleirbrukshus med både idrettshall, kulturhus og skulelokale.
Førprosjekt. Teikning av 2. etasje.
Førprosjekt. Teikning av 2. etasje.

Prosessen held fram

Planane så langt er førprosjektet som vart lagt fram for kommunestyret i desember. Innan 1.feb. 2011 skal styringsgruppa leggje fram tiltak for å redusere kostnadene til den opphavlege kostnadsramma på 84 mill. kroner, berre med tillegg av rentekostnader og inflasjon. Endeleg avgjerd om ei evt. bygging ligg enno eit stykke fram i tid. Er du interessert i nærare opplysningar kan du ta kontakt med kultur- og ungdomskonsulent Kristbjørn Rossehaug eller administrasjonssjef Ola Helstad.
Tips ein ven Skriv ut