Fredag 29. april kl. 19:30 i Marlo grendahus i Skjåk

Folkefest for G35

For å markere at G35 fortsett skal leve i Gudbrandsdalen blir det skipa til folkefest.
– Vi ynskjer å markere den enorme dugnadsinnsatsen som ligg til grunn for eit klokt styrevedtak i TINE, seier ordførar Rolv Kristen Øygard i Skjåk.
Det var 17. mars at styret i TINE vedtok å halde fram produksjonen av den originale G-35 frå grytene ved Lom og Skjåk ysteri. For å oppnå dette resultatet var det etablert ein folkeaksjon der over 100.000 personar synte sitt engasjement via sosiale media og underskriftslister. Det medførte også ei stor medieomtale av Gudbrandsdalsosten. Ein eigen La G35 leve bil farta rundt og samla inn underskrifter. Det vart ei voldsom marknadsføring av eit unikt produkt.

Folkefest i Marlo grendahus fredag 29. april kl 19:30

Fredag vert det altså både prinsebryllaup i London og folkefest for at G35 lever i Marlo grendahus i Skjåk. Der skal det til 4 vaksne personar for å bere inn verdens største og beste raudost kokt etter den originale produksjonsmetoden. Dette er ein gedigen ost som er nesten ein meter høg. – Dette vert generalprøven, seier ordførar Simen Bjørgen, og vi har alt vore i kontakt med Guinness World Records for å få registrert verdens største raudost blant rekordane.

Festen er gratis og open for alle

Fleire hundre liter med rømmegraut skal til for å lage folkefest i Skjåk, og den vert for anledninga kokt i ostegrytene på ysteriet, slik tradisjonen med ysterifestar tilseier. Arne Brimi vil presentere eit unikt ostebord med mange ulike smakar basert på G35. Det vert ”ostepop” ved gruppa G35 frå Gausdal. Folkefesten er gratis og open for alle, og det vert mogleg å kjøpe t-skjorter med teksten G35 lever i Gudbrandsdalen.
Tips ein ven Skriv ut