Folkehelsebarometer

Nytt tilbod frå folkehelseinstituttet

Folkehelseinstituttet har publisert folkehelsebarometer for alle kommunane i landet. Barometeret syner at vi i Lom kjem betre ut enn landssnittet på fleire faktorar (m.a. andelen uføretrygda og arbeidsledige, godt drikkevatn, røyking og psykiske lidingar), men og at dødeligheit ved hjarte- og karsjukdomar er høgare enn landsgjennomsnittet.

Klikk på tittelen til denne artikkelen for å sjå meir om resultata for Lom kommune.

Sjå folkehelsebarometeret for Lom (pdf-fil, 324KB). (pdf-fil, 324KB).

Sjå barometeret til alle kommunane på folkehelseinstituttet sin nettstad.

Om befolkninga

  • Det har vore ein reduksjon i befolkninga i kommunen i 2010.
  • Prosentdelen eldre over 80 år i kommunen er høgare enn landsgjennomsnittet.
  • Forventa levealder for menn er ikkje eintydig forskjellig frå landsgjennomsnittet.

Levekår

  • Prosentdelen med grunnskule som høgaste utdanning er ikkje eintydig forskjellig frå landsgjennomsnittet.
  • Kommunen er ikkje eintydig forskjellig frå landsgjennomsnittet når det gjeld prosentdelen personar i hushald med låg inntekt.
  • Arbeidsløysa er lågare enn landsgjennomsnittet.
  • Prosentdelen uføretrygda under 45 år er lågare enn elles i landet.

Miljø

  • Andel personar tilknytta vassverk med forskriftsmessig tilfredsstillande analyseresultat m.o.t. E. coli, i prosent av befolkning tilknytta rapportpliktig vassverk, ser ut til å vere høgare enn elles i landet.
  • Talet på dei som blir lagt inn på sjukehus for personskadar etter ulykker, er ikkje eintydig forskjellig frå landsgjennomsnittet.

Skule

  • Skuletrivsel hos 10.-klassingar er ikkje eintydig forskjellig frå landsgjennomsnittet.
  • Talgrunnlaget for meistringsnivå i lesing er utilstrekkeleg for statistisk testing.
  • Fråfallet i vidaregåande skule er ikkje eintydig forskjellig frå landsgjennomsnittet.

Levevanar

  • Røyking ser ut til å vere eit mindre problem enn elles i landet, vurdert etter prosentdelen gravide som røykjer ved første svangerskapskontroll. Vi har ikkje tal for resten av befolkninga.
  • Tal for overvekt på kommunenivå er under utarbeiding.

Helse og sjukdom

  • Færre personar brukar legemiddel mot psykiske lidingar, som blant anna angst og depresjon, samanlikna med resten av landet.
  • Hjarte- og karsjukdom, vurdert etter talet på pasientar behandla i sjukehus, er ikkje eintydig forskjellig frå landsgjennomsnittet.
  • Utbreiinga av KOLS og astma hos vaksne (45-74 år), basert på bruk av legemiddel er ikkje eintydig forskjellig frå landsgjennomsnittet.
  • Utbreiinga av type 2-diabetes, målt ved bruk av legemiddel, er ikkje eintydig forskjellig frå landsgjennomsnittet (30-74 år).