Gunnar Vestad har teke til i Lom kommune som folkehelsekoordinator og leiar frisklivssentral. Han er tilsett i til saman 60% stilling for å dekkje desse funksjonane. I tillegg er han engasjert i eit 40% vikariat på Miljø, teknisk og næring, der han hovudsakleg skal arbeide med ”Lom som nasjonalparklandsby”.
Folkehelsekoordinator
Stillinga er mellom anna oppretta med bakgrunn i den nye folkehelselova. Det nye lovverket pålegg kommunen mykje større ansvar for arbeid med folkehelse. Dei viktigaste punkta i den nye loven kan samanfattast slik:
• Kommunen skal gjennom alle sine sektorar fremme folkehelse (ikkje berre helsesektoren)
• Kommunen skal arbeide for å utgjevne sosiale helseskilnader
• ”Helse i alt vi gjer”. Konsekvensar for folks helse skal vurderast i all planlegging.
• Kommunen skal fastsetje mål/ strategiar for folkehelsearbeidet for å møte sine helseutfordringar. Desse skal forankrast i kommunen sitt planverk.
• Kommunen har ansvar for å føre oversikt over helsetilstanden (sentrale myndigheiter og fylket skal understøtte dette arbeidet)
• Ei drøfting av kommunens helseutfordringar skal vere med å danne grunnlag for kva planarbeid kommunen skal prioritere
• Kommunen skal setja i verk naudsynte tiltak for å møte lokale utfordringar
Temaet folkehelse femnar svært breitt. Det finst nærast ikkje nokon dimensjon ved samfunnet som ikkje spelar inn på helsa vår. Arbeidsoppgåvene til den nye folkehelsekoordinatoren blir såleis mangfaldige:
• Kartlegge og synleggjere ressursar/ tilbod i kommunen. Til dømes kven som er aktuelle aktørar og kva som finst av lågterskeltilbod per i dag. Det er viktig å ikkje tenkje berre trening og kosthald. Desse tinga er berre ein del av kva som skapar god folkehelse
• Kartleggje utfordringar/ behov. Kva er utfordringane i Lom? Spesielle grupper, spørsmål knytt til areal…
• Planarbeid. Delta i utforming av samfunnsdel, sjå etter at arealdel tek omsyn til utfordringar innan folkehelse (behov for friareal, gangvegar etc…)
• Fremje samarbeid mellom offentleg sektor og frivillig arbeid
• Kompetanse for bruk både av kommunen, frivillige og private. Koordinatoren kan bidra inn i ulike prosjekt i barnehage, skule, arbeid med eldre etc…
• Etablere ei styringsgruppe/ råd for folkehelsearbeidet
• Generell synleggjering av folkehelsearbeidet for å auke folk si bevisstheit om eiga helse
• Vidareføre FYSAK i form av trimkasser og tilrettelagde aktivitetar.
Det er viktig å presisere at det aller meste av arbeidet skjer i dei ulike sektorane og gjennom friviljug arbeid. Vestad skal vere eit koordinerande ledd som samordnar innsatsen og stimulerer til å få temaet på dagsorden.
Frisklivssentral i Lom
Det skal nå også startast Frisklivssentral i Lom. Frisklivssentralen er eit lågterskeltilbod med fokus på å hjelpe folk som treng ei eller anna form for livsstilsendring (fysisk aktivitet, kosthald og røykeslutt. Ein kan bli vist til Frisklivssentralen gjennom legen, anna autorisert helsepersonell eller NAV. Frisklivssentralen tek også ta i mot folk som vendar seg til dei direkte.
Tilbodet vil i fyrste rekkje bestå av individuell motivering, rådgjeving og instruksjon. Når ein kjem skikkeleg i gang med tilbodet vil det vera aktuelt å også organisere noko av aktivitetane i grupper. Tenesta er tufta på dokumenterte metodar.
Frisklivssentralen skal også fungere som eit kompetansesenter for andre som treng kunnskap om fysisk aktivitet, kosthald og røykeslutt. Det knyter seg framleis litt spenning til kvar Frisklivssentralen skal lokaliserast, men dette er noko som blir avklara innan stutt tid.