Folkehelsekoordinator

Folkehelse kan definerast som helsetilstanden i befolkninga, og korleis helsa fordelar seg i ei befolkning.

Folkehelsearbeid er samfunnet sin totale innsats for å oppretthalde, betre og fremje befolkninga si helse gjennom å svekke faktorar som medfører helserisiko, og styrke faktorar som fører til betre helse.
Den nye lova om folkehelse (frå 1. januar 2012) gir kommunen større ansvar for arbeidet med folkehelse.

Femner breitt

Folkehelse er eit tema som femner svært breitt. Arbeidsoppgåvene til folkehelsekoordinatoren blir såleis mangfaldige, og inneber blant anna;

  • Kartleggje både ressursar/tilbod og utfordringar for folkehelse i Lom kommune.
  • Arbeide med folkehelse i planlegging.
  • Fremje samarbeid mellom friviljuge lag/organisasjonar og det offentlege.
  • Generell synleggjering av folkehelsearbeidet. Det aller meste av arbeidet skjer i dei ulike sektorane og gjennom friviljug arbeid. Folkehelsekoordinatoren skal vere eit ledd som samordnar innsatsen og stimulerer til å få temaet på dagsorden.
  • Kontakt

    • Anne Marstein, folkehelsekoordinator og leiar av Frisklivssentralen i Lom.
  • Kontakt e-post

  • Kontakt telefon

    • 915 48 319