runners-635906_640

Folkehelseoversikt Lom kommune

Alle kommunane i Nord-Gudbrandsdalen har fått utarbeidd folkehelseoversikter ved koordinator i samfunnsmedisin i samarbeid med den enkelte kommune. Du kan sjå alle oversiktene ved å gå inn på heimesida til Nord-Gudbrandsdal Lokalmedisinske Senter, www.nglms.no.

Kommunen skal ha ei skriftleg oversikt over helsetilstanden hjå innbyggjarane og dei positive og negative faktorane som kan verke inn på denne. Forankringa ligg blant anna i folkehelseloven og folkehelseforskriften. Ved fastsetjing av overordna mål og strategiar for folkehelsearbeidet skal kommunen ta utgangspunkt i folkehelseoversikta. Kommunen skal og vera særleg merksam på trekk ved utviklinga som kan skape eller oppretthalde sosiale helseforskjellar.

Oversiktene er for tida under oppdatering i høve prosessar i den enkelte kommune. Går du inn på lenka under ser du Lom sin versjon pr. i dag:

http://www.nglms.no/oversikter-over-helsetilstand-og-paavirkningsfaktorer.243428.no.html

 

 

Tips ein ven Skriv ut