Framside/Tenester til deg/Vatn, avlaup, renovasjon/Registrer deg

For dei som tidlegare har registrert seg ved skule og/eller barnehage

Lom kommune har eit tilbod om informasjon til abonnentar i samband med særskilte hendingar ved vassverka i Lom. Informasjonen vert sendt ut som tekstmeldingar og eventuelt også e-postar.

For dei som er registrerte ved skule eller barnehage

Sjølv om du har registrert deg tidlegare som forelder ved skule og/eller barnehage i Lom, må du likevel gje oss samtykke til at vi kan sende deg denne informasjonen.

Det gjer du ved å fylle ut skjemaet nedst i denne artikkelen.

Du må oppgje:

  • E-postadressa di (brukt til å sende deg e-post)
  • Namnet ditt
  • Mobilnummeret ditt (brukt til å sende deg tekstmeldingar)
  • Aktuelt vassverk

Det er gratis og friviljug å registrere seg.

Kven er ansvarleg for handsaminga av opplysningane?

Teknisk sjef Terje Hoel (telefon 61 21 73 31, e-post terje.hoel@lom.kommune.no) er ansvarleg for handsaming av opplysningane og ved å kontakte ham kan du:

  • Få informasjon om kva for opplysningar om deg vi har teke vare på
  • Få retta informasjonen
  • Få sletta informasjonen om deg

Kva vert opplysningane brukte til?

Mobilnummeret ditt kan bli brukt til å sende deg tekstmeldingar og e-postadressa kan bli brukt til å sende deg e-postar knytt til verksemda ved vassverka i Lom.

Vi gjev ikkje opplysningane til andre

Opplysningane om deg vert ikkje gjeven vidare til andre utanfor kommunen og vi vil heller ikkje bruke opplysningane til anna kommunal verksemd enn det som er nemnt over.

Kor lenge tek vi vare på opplysningane?

Vi tek vare på opplysningane om deg så lenge du er abonnent ved eit vassverk i Lom kommune eller til du sjølv gjev oss melding om å slette deg frå registeret.

Samtykke

Ved å fylle ut og sende inn dette skjemaet gjev du samtykke til at Lom kommune tek vare på opplysningane og brukar dei i samsvar med det som er nemnt over.



Kva for vassverk er du knytt til?*
Kor er du registrert tidlegare?*
Tips ein ven Skriv ut