Skjermbilde 2017-06-29 kl

STORTINGS- OG SAMETINGSVALGET 2017

FØREHANDSRØYSTINGA STARTAR 10. AUGUST

Måndag 11. september (nokre stader søndag 10. september òg) er det stortingsval og sametingsval. 

Dersom du ønskjer det, kan du røyste på førehand. Du kan førehandsrøyste i den kommunen du sjølv ønskjer. Viss du førehandsrøystar i ein annan kommune enn der du er ført inn i manntalet, må du gjere det så tidleg at stemma di kan nå fram til den rette kommunen innan 12. september kl. 17.00.

Ta med legitimasjon med bilete når du møter fram for å førehandsrøyste. Viss røystemottakaren ikkje kjenner deg, vil du elles ikkje få røyste. Dersom du har fått tilsendt valkort, bør du ta med det òg, sjølv om det ikkje er noko krav for å få førehandsrøyste.

Viss du ikkje har fått valkort innan 10. august, bør du ta kontakt med heimkommunen din.

Veljarar som bur i institusjon kan førehandsrøyste på institusjonane nemde i oversikta nedanfor. 

Særskild for sametingsvalet

Veljarar som ønskjer å røyste ved sametingsvalet må vere merksame på at det berre er nokre kommunar kor du kan røyste på sjølve valdagen. Veljarar i alle andre kommunar må førehandsrøyste. Valrøysta di skal då sendast til ein annan kommune for oppteljing. Difor bør du førehandsrøyste i god tid. Lista over kommunar som har valting finn du på sametinget.no/valg.
Du kan førehandsrøyste til sametingsvalet på same stad som der du førehandsrøyster til stortingsvalet. Hugs legitimasjon, og ta helst med deg det tilsendte valkortet for sametingsvalet. 

Her kan du førehandsrøyste alle kvardagar mellom kl 08.00 og kl 15.30 fra 10. august til og med 08. september 2017:
• Servicetorget på Midtgard

I tillegg er det råd å røyste:
- Lom Helseheim tysdag 05.09.2017, kl 11.00 - 14.00

Valstyret i Lom 

Tips ein ven Skriv ut