Foreldremøte og foreldresamtale

"Barnehagen skal gi barn under opplæringspliktig alder gode utviklings- og aktivitetsmuligheter i nær forståelse med barnas hjem."
Lov om barnehager, § 1 Formål.

Foreldremøte

Foreldremøte er og to gonger i året. På hausten vil dette ofte vera eit møte der vi samlast på kvar vår gruppe, der vi tek opp sakar som er aktuelle for foreldre og barn.

På våren er foreldremøtet ei felles samling, der vi med hjelp av forelesar tek opp eit aktuelt tema. Det er høve for foreldre til å koma med ynskjer om tema i forkant.

Foreldreevaluering
Foreldre får og høve til å ytre si meining om barnehagen og det pedagogiske innhald på eit vurderingsskjema som blir sendt med heim på vårparten. Eit godt samarbeid og attendemeldingar frå foreldre er særs viktig for oss som arbeider med barn. På denne måten vil barnehagen heile tida utvikle seg og bli eit enda betre tilbod for barn i Lom!

Foreldresamtale

Foreldre og føresette skal få tilbod om to foreldresamtalar i løpet av barnehageåret.

Periodar for foreldresamtalar er som oftast oktober-november på hausten og april-mai på våren.

Foreldre og føresette som har barn som skal byrje på skulen skal ha ei avsluttande samtale på våren, der fokuset ligg på overgang barnehage-skule.

Brukarundersøking

Foreldre får og høve til å ytre si meining om barnehagen og det pedagogiske innhald i ei brukarundersøking på vårparten. Eit godt samarbeid og attendemeldingar frå foreldre er særs viktig for oss som arbeider med barn. På denne måten vil barnehagen heile tida utvikle seg og bli eit enda betre tilbod for barn i Lom!