people-160620_1280

Forenkla ordning for dekking av pasientreiser

Helse- og omsorgsminister Bent Høie har offentleggjort ei ny ordning for pasientreiser. Det blir mogleg å søkje elektronisk om å få dekt reisekostnader, og regelverket blir endra. 

Ny ordning

Frå 1. oktober kan pasientar søkje om å få dekt nokre typar pasientreiser på nett (www.helsenoreg.no).

– Dette er ei teneste som gagnar både pasientane og helsetenesta. Pasientane får raskare svar, og helsetenesta brukar mindre tid på saksbehandling. Dermed kan helsetenesta utnytte ressursane betre. Dette kjem pasientane til gode, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Dette vil seie at du som er pasient, ikkje lenger treng å leggje ved stadfesting på oppmøte, fordi denne no blir henta frå offentlege register.

 

Den nye hovudregelen er at reisa blir dekt med ein standardsats på kr 2,20 per kilometer, uansett kva transportmiddel som blir brukt, så sant reisa er lengre enn ti kilometer éin veg. Det er slike søknader det i første omgang vil vere mogleg å søkje elektronisk for. 

Som pasient kan du då velje det transportmiddelet som passar best. Utbetalinga blir den same om du reiser med buss, tog eller bil.

Den elektroniske sjølvbeteningsløysinga er i fortløpande utvikling, og i løpet av kort tid vil det derfor også bli mogleg å søkje elektronisk for reiser med nødvendige tilleggsutgifter, til dømes utgifter til kost og overnatting. 

Etter 1. oktober får pasientar som kan dokumentere medisinsk behov for å køyre bil, dekt kostnader i samband med bilreiser, slik som parkering og bompassering. Pasientar som vil søkje om å få dekt desse utgiftene, må bruke det nye papirskjemaet.

I tillegg til at det blir mogleg å søkje elektronisk, blir det også nytt papirskjema og ny rettleiing på papir. Det nye papirskjemaet vil bli tilgjengeleg på helsenoreg.no og hos behandlaren. 

Når skal eg bruke den nye løysinga?

Dersom du reiser til behandling 1. oktober eller seinare, skal du bruke det nye papirskjemaet, og frå den dagen kan du leggje inn reiser på helsenoreg.no. 

Reiser som blir gjennomførte til og med 30. september, skal sendast inn på det eksisterande papirskjemaet, og dette må sendast per post, som før.  

Nye nettsider

www.helsenoreg.no for pasientar

Frå 1. oktober finn du all pasientretta informasjon frå Pasientreiser på www.helsenoreg.no. Ved å logge deg inn på www.helsenorge.no/min-helse kan du bruke den elektroniske sjølvbeteningsløysinga. 

www.pasientreiser.no for helsepersonell

Pasientreiser.no vil frå 1. oktober vere ein nettstad for helsepersonell og andre fagpersonar. 

Ta gjerne kontakt med Pasientreiser på telefon 05515 for meir informasjon. 

Les meir om den nye ordninga på nettsidene til Pasientreiser: http://www.pasientreiser.no/reise-uten-rekvisisjon/elektronisk-innlevering/

Tips ein ven Skriv ut