Ivrige deltakarar

Ivrige deltakarar ©Loar barnehage

Formingskurs for alle tilsette i barnehagane.

Mandagskvelden 2. november var det kurs i forming for alle tilsette i barnehagane i Lom.
Tor Eirik Magnussen frå Smarthandel hadde teke turen til Loar barnehage heilt frå Stavern. Han brukte 4 timar på å overbevise alle om at dei er flinke i forming, og at det er artig og enkelt!
Blåseteknikk
Blåseteknikk

Ulike teknikkar

Barnehagepersonalet fekk prøve ulike mareriell og teknikkar; mellom anna silkemåling, blåsing med blekk og fleire måtar å bruke feittstifter og måling på. Deltakrane var svært ivrige, og stemninga var mildt sagt høg. Det er i alle fall sikkert at dei vaksne i barnehagen ikkje bråkar mindre enn barna når dei held på med slike aktivitetar.. Alle var tilfredse med det dei hadde laga, og forundra over kor enkelt det egentleg kan gjerast. Tydeleg at kurset ga inspirasjon, for morgonen etter vart det måla på alle avdelingar i barnehagane. Dei vaksne kanskje velså ivrige som barna..
Tips ein ven Skriv ut