Bjørn Krey kan anbefale etableringskurset. Foto; Stig Roar Mandal

Bjørn Krey kan anbefale etableringskurset. Foto; Stig Roar Mandal

Fornøgd med etableringskurs

Drøymer du om å starte opp for deg sjølv? Les om Bjørn Krey frå Lom og hans erfaringar etter å ha vore på etableringskurset til Innovasjon Norge no i haust, og finn ut meir om etableringskurset på Otta 3. og 4. desember.

Kven er du?

Eg heiter Bjørn Krey og flytta til Lom i oktober 2011. Eg har slekt her og var mykje her som born, og da får ein jo ein slags tilknyting til bygda. Har nyleg starta eige føretak og har jobba mykje med dette parallelt som eg arbeidar med utstillingar og andre visuelle prosjekt. Hadde for eksempel utstilling på Norsk Fjellmuseum i sommar, og har no kunst til sal på Bakeriet i Lom.

Kvifor meldte du deg på etableringskurs til Innovasjon Norge?

Eg er i etableringsfasa og hadde ikkje oversikt over kva som var forventa av meg eller kor eg skulle tråkke i jungelen av reglar og forskrifter. Som etablerar følte eg at dette var essensiell kunnskap.

Kva har du lært gjennom kurset?

Gjennom kurset har eg fått veldig grei oversikt over alt som må vere på plass, mellom anna søknadar om støtte og korleis ein kan presentere seg for kundar og partnerar.

Vil du anbefale kurset til andre gründere?

Absolutt! Noko av det beste med kurset er at du møter andre som enten er i ferd med eller som allereie har starta opp med eige bedrift. Det betyr at ein kan diskutere og drøfte idear saman og få attendemelding på f.eks. sin eigen forretningsidé.

Kor går vegen vidare?

Framover blir det mykje jobbing med å skaffe samarbeidspartnare og søknader som skal skrivast, produktutvikling, marknadsanalyse og forhåpentlegvis «lansering» til våren / sommaren håper eg. Det er jo det som er spennande, ein veit aldri heilt kva som skjer vidare.

Etableringskurs på Otta

Går du med ein draum i magen og ynskjer å finne ut om den er realiserbar? 3. og 4. desember startar modul 1 av etableringskurset opp på Otta. Påmeldingsfristen er sju dager før, så dersom du er interessert i å vere med er det eigentleg berre å kaste seg rundt - du finn alt du treng av informasjon på: http://www.innovasjonnorge.no/Kontorer-i-Norge/Oppland/Arrangementer/Etablererkurs-i-Oppland/

Har du spørsmål eller ynskjer veiledning utanom kurs er det berre å ta kontakt med næringsansvarleg i kommunen. I Lom kan du gjere dette ved å sende ein mail til ashild.amundsen@lom.kommune.no

Lykke til som gründer i Nord-Gudbrandsdalen!

Tips ein ven Skriv ut