Fornya og revidert konsesjon for reguleringane av Tesse

I statsråd i dag er det gitt fornya og revidert konsesjon til Glommens og Laagens Brukseierforening (GLB) for reguleringa av Tesse i Lom og Vågå kommunar i Oppland.
Det er nå fastsett eit sett moderne vilkår for hele reguleringa. Nye restriksjonar vil mellom anna innebere høgare sommarvannstand, noko som har vore viktig frå kommunane si side.
- I denne saka har vi lagt stor vekt på å finne ei løysning som gir eit godt resultat for lokalsamfunnet. Restriksjonar på sommarvannstanden i magasinet vil gi store estetiske og miljømessige forbetringar. Disse miljøforbetringane har sin kostnad ved tap av regulerbar kraft, men i denne spesielle saka har vi funne at det er akseptabelt når vi oppnår så betydelige miljøfordeler, seier olje- og energiminister Borten Moe.

Viktig for nautrmangfald og friluftsliv

- Det er positivt at dei nye vilkåra pålegg høgare sommarvannstand. Landskap er ein viktig miljøverdi, og opplevinga av magasinet Tesse vil bli betre i ei tid på året da området brukast mest. Forholda for ørreten vil også bli betre, noko som er viktig både for naturmangfald og friluftsliv, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.
Konsesjonæren plikter å innbetale eit årleg beløp til Lom kommune på kr 100 000,- til opphjelp av fisk, vilt, og friluftsliv. Det skal også innbetalast eit beløp på 10 mill kroner til næringsfond for kommunane.

Nye vilkår

Det er reist fleire vanskelege spørsmål i forbindelse med saka som det har vore tidkrevjande å avklare. Saka har av den grunn tatt lang tid. Revisjonen gjer det mogleg å sette nye vilkår for å rette opp skader og ulemper for allmenne interesser som har oppstått som følge av reguleringane. Erosjonsproblema rundt Tesse har vore store. GLB har nå kartlagt den faktiske situasjonen og har lagt frem ein plan for sikringstiltak. Når rapporten frå GLB er vurdert vil departementet komme tilbake med pålegg om meir konkrete tiltak.
Tips ein ven Skriv ut