Foto: http://frkbilmerkes-reiseblogg.blogspot.no

Foto: http://frkbilmerkes-reiseblogg.blogspot.no Roald, Berit

FOTOKONKURRANSE 2013 - VINN HELG PÅ VENABU!

Send inn dine beste blinkskot! Temaet for årets fotokonkurranse er «Aktiv i Lom» og fyrstepremie er ei flott fotohelg på Venabu Fjellhotell inkl. overnatting, mat og rettleiing av profesjonell fotograf. Vi ynskjer oss bilete av folk, leik og moro, natur og naturfenomen i Lom kommune. Frist er 31. august.

PREMIAR

FYRSTEPREMIE: Den som sender inn det beste biletet vil bli premiert med ei flott fotohelg på Venabu Fjellhotell til ein verdi av kr. 4200 (tillegg for enkeltrom kr. 340 må betalast sjølv). Vinnaren kan velje mellom to alternativ:

1. Fredag 6.- sundag 8. september - FOTOTREFF - Ei interessant arbeidshelg der deltakarane møter profesjonelle fotografar og spesialistar som viser aktuelt fotoutstyr og held framifrå føredrag over aktuelle tema. Uformell fotokonkurranse med fine premiar.  Pris er inkludert opphald, alle måltid frå fredagseftan t.o.m. lunsj sundag, deltaking på aktivitetar og print av eige konkurransefoto i A3-format. 

2. Fredag 20.- sundag 22. september. – TA ENDA BETRE BILETE!  Vidaregående kurs Dette kurset forutset at deltakarane er fortruleg med digitalt kamera og med grunnleggjande biletbehandling på PC, bl.a. råformat og dynamikk.  Særleg vekt på val av motiv og komposisjon. Korleis arbeide på ein bevisst måte og skape interessante bilete, korleis formidle haustfargene i fjellet. Pris er inkludert opphald og alle måltid frå fredag kveld t.o.m. lunsj sundag.

Her kan du med andre ord vinne ei flott helg og lære mykje nytt om fotografering! Send inn dine blinkskot i dag og delta i konkurransen! Les meir om tilboda her: http://www.venabu.no/norsk/fotokurs/program.htm

ANDREPREMIE: Ein flott dagstursekk (merke Arcteryx - 25 liter) frå Fjell og Fritid til ein verdi av kr. 1000.

TREDJEPREMIE: Eit gavekort på Expert til ein verdi av kr. 500.

 

Korleis delta?

Vi har dessverre ikkje moglegheit til direkte nedlastning. Bileta kan delast på følgjande vis:

  • Del bildet på Instagram og merk det med #lomfoto. Her må du deaktivere personvernfunksjonen slik at biletet blir offentleg.
  • Som vedlegg i e-post til ashild.amundsen@lom.kommune.no
  • Via link på Dropbox som sendast til ashild.amundsen@lom.kommune.no

Ved spørsmål, kontakt Åshild Amundsen via e-post adressa over eller tlf. 612 17 336 / 975 22 977

Oppgi namn, tlf.nummer, adresse og e-post når du deltek (gjeld ikkje ved deling på Instagram).

 

VILKÅR / KÅRING:

Landsbyrådet er jury, i samarbeid med fotomiljøet i Lom. Dei ynskjer bilete av:
1. Folk
2. Leik og moro
3. Natur/naturfenomen
4. Sesongbilete (vår – sommar – haust – vinter)


Konkurransevilkår:
•    Kvar deltakar kan sende inn maksimalt fem foto. Bilda bør vere i så stor oppløysing som mogleg og i jpg-format.
•    Bileta må vere tekne i Lom kommune.
•    Du kan berre delta med bilete du sjølv har fotografert.
•    Det er innsendar sitt ansvar å sørge for å få tillating til offentleggjering av eventuelt andre personar på biletet.
•    Navn på personar på biletet må være med dersom personane er identifiserbare. Om biletet sendast inn på Instagram kan vi få namn på desse personane i etterkant.
•    Personopplysningar vil bli lagra i samband med foto som arkiverast i Lom kommune sitt fotoarkiv.
•    Ved bilete av barn må foreldra samtykke på barnet sine vegne inntil barnet er 15 år.
•    Med atterhald om at Lom kommune har rett til å offentlegjere innsendte foto samt bruke dei i kommunens eigne kommunikasjonskanalar (magasin, nettsider, sosiale medier), i PR og for bruk av kommunens samarbeidspartnarar. Fotograf vil bli kreditert. 

Tips ein ven Skriv ut