LS Bygg og prosjektleiaren ved anlegget.

LS Bygg og prosjektleiaren ved anlegget.

Lom samfunnshus er ikkje som det eingong var. Her får du vera "fluge på veggen".

Frå samfunnshus til fleirbrukshus

30-40 mann er i sving for å realisere storprosjektet som skal stå ferdig neste år. Skuledelen skal vera ferdig 1. juli, medan den nye hallen etter gjeldande plan skal stå ferdig ultimo oktober. Samfunnshuset er nesten ikkje til å kjenne att i dag, medan omrisset av hallen begynner å koma til syne. Lom og Skjåk bygg, her ved Trond Jøingsli og prosjektleiar Svein Melseth har hovudansvaret for arbeidet.
Under kan du få sjå litt av slik anlegget står fram midt i prosessen.
Klasserom
Klasserom for vidaregåande

Klasserom

Eit av dei nye klasseromma som er bygt ut mot sentrum.
Gongen ved klasseromma
Gongen ved klasseromma - den gamle gongen i samfunnshuset

Gamal gong med ny funksjon

Det er noko kjent med denne gongen, men likevel så framandt. Klasseromma ligg på høgre sida når ein kjem inn gamle hovudinngongen, som no blir skulen sin inngong i huset.
Kjøkendelen

Kjøken med kantine- og kioskfunksjon

Kjøkendelen får kjølerom og turrvarelager. Mot nybygget som skal koma i nord vil det vera kioskdel mot den nye hovudinngongen.
Gong, før veslesal, kaferom og kjøken.

Omdisponert areal

Her har det blitt gongareal og garderobeområde der det før var kaferom og veslesal. Legg merke til at ein kan glytte opp i andre høgda.
Toalett med fliser
Toalett med fliser

Flislagde toalett

Her held nokre av toaletta på å ta form. Vi skimtar dei i spegelen. Desse er i det som var veslesalen før.
Himling med gjennomsyn

Himling med gjennomsyn

Her går det tydelegare fram korleis det blir luftig og gjennomsyn mellom dei to høgdene, frå bak i veslesalen til opp mot kinorommet etter gamalt.
Vrimleareal med oversyn

Vrimleareal med oversyn

Her er vrimleareal i andre høgda, der ein kan sjå ned mot gongarealet ved kjøkendelen i fyrste høgda. Den bøygde veggen til høgre er bakveggen i regirommet, der kinorommet låg før.
Administrasjonsavdelinga for vgs

Administrasjonsdelen for vidaregåande skule

Andre høgda, der biblioteket var før og korpsa har halde hus i seiare år. Her blir det kontor, møterom o.a. for administrasjonen ved den vidaregåande skulen.
Sidesena

Sidesena sett ovanfrå

Sidesena, der senegarderoba var før, ligg på same planet og er i eitt med hovudsena. Frå sidesena blir det utgong til lasterampe. Slik lettar ein vesentleg inn- og utlasting av tungt seneutstyr i framtida.
Senerampe og tilbygg skule

Senerampe og skuletilbygg

Til høgre på biletet ser vi støypt rampe ved hushjørna. Frå den kjem ein rett inn på sidesena med utstyr. Til venstre ser vi tilbygget for vidaregåande skule.
Sena

Sena på golvnivå

Slik ser sena ut i dag. Med sene på golvnivået får ein bokstavleg tala større spelerom og dermed betre rammer for allsidige aktivitetar. Det blir heller ikkje dei tunge lyfta mellom golv- og senenivået.
Kultursalen sett frå regirommet

Fornying av salen

Den gamle salen er i ferd med å bli kultursal. Sena er riven og vil heretter vera på golvnivå, medan folket skal sitja oppover i lendet på teleskoptribune. Denne kan skuvast i hop, slik at ein kan få god golvplass når det er det ein treng. Biletet er teke frå regirommet, som litt der gamle kinorommet låg.
Installasjon fører til lågare takhøgd i garderobene.

Lågare takhøgd i garderobene

Garderobene i samfunnshuset skal i prinsippet ikkje endrast. Men saman med resten av storkomplekset fører det m.a. til at ein del røyr og leidningar må førast gjennom romma. Dette gjer at takhøgda blir lågare også i dei gamle garderobene.
Mykje leidningar

Mykje leidningar

Eit lite inntrykk av leidningsmengda som skal førast fram. I vår teknologiske tid må slikt til.
Utsikt frå halltomta

Utsikt frå halltomta

Her står vi midt "inne i hallen" og ser mot samfunnshuset. Sjølve hallen blir atskilleg større enn samfunnshuset. Dei to bygga blir bunde saman av eit mellombygg som m.a. skal innehalde hovudinngong og heis.
Tips ein ven Skriv ut