Flaumstor Bøver 9.juni 2011.

Flaumstor Bøver 9.juni 2011.

Flaumvarsling til vaktsentralen

Framleis flaumfare

Uvanleg mykje regn og høge temperaturar døgnet rundt har gjeve uvanleg stor vassføring i elvar og vassfar. Det er framleis meldt regn, samstundes som det kjem inn meldingar om flaum og jordras. Har du noko å melde om flaumskadar o.l. kan du vende deg til teknisk vakt via vaktsentralen.
Flaumstor Prestfoss
Flaumstor Prestfoss

Sterke naturkrefter

Så mykje vatn er vi ikkje vane med i Lom. Høgare vassføring i Bøvra enn slik det var seint torsdag kveld har det ikkje vore i manns minne er det sagt. Dei fascinerande naturkreftene kan også gjera stor skade. Det er ikkje utan grunn at t.d. utleggsbrua på Bergom var sperra torsdag kveld. Det har delvis vore lettare i dag fredag, men framleis er det mykje vatn i vente. Ver merksame på farane som kan fylgje, ikkje berre på eigen eigedom, men t.d. at vegar kan bli stengde eller at mobilnett og andre nett kan liggje nede.
Tips ein ven Skriv ut