FB-edit-0972

Frisklivssentralen - prosjekt:

Gruppeoppfølging av personar som ynskjer å gå ned i vekt!

Kva?

Frisklivssentralen i Lom kommune startar i september opp med nytt gruppeprosjekt for personar med overvekt som ynskjer å endre livsstil. Det vil bli fellestreningar, undervisning, foredrag og diskusjonar.

Kven? Målgruppe for prosjektet

Personar med overvekt over 18 år som ynskjer rettleiing i gruppe for å kunne endre livsstil og gå ned i vekt. Deltakarane må kunne nyttiggjera seg av oppfylging og undervisning gruppevis.

Når?

Prosjektet har oppstart i september og kjem til å gå over 3 månadar. Vi startar med ein samtale der du bestemmer deg kva som skal vera dine mål, og korleis du vil gå fram for å nå dei.

Korleis bli med?

Prat med fastlegen din.

Pris og kontaktinformasjon

Det kjem til å vera ein liten eigenandel.

 

Camilla Ingebretsen
Fysioterapeut | Frisklivsrettleiar i Lom kommune
Tlf:   48 16 55 21 Mob: 915 48 319 

Tips ein ven Skriv ut