Frisklivssentralen

Frisklivssentralen i Lom
Frisklivssentralen ynskjer å hjelpe personar som vil endre livsstil for å oppnå sunne levevanar. Du treng ikkje vera sjuk eller ha ei diagnose for å koma på Frisklivssentralen.

Målet er å setje kvar enkelt i stand til å endre levevanane sjølve

Opplegget i Frisklivssentralen startar med ei frisklivssamtale. Her bestemmer du kva som skal vera dine mål, og korleis du vil gå fram for å oppnå dei. Frisklivssentralen arbeider etter prinsippet om ”hjelp til sjølvhjelp”, det vil seie at du må ha lyst til å gjere ei endring og vera innstilt på å jobbe med dette over tid.

Råd og vegleiing

Frisklivssentralen kan gi deg enkel vegleiing om fysisk aktivitet, kosthald og levevanar. Du kan få råd om eit eigna lokalt aktivitetstilbod og vegleiing i aktivitetar som du kan gjera på eiga hand. I byrjinga vil det bli individuell oppfølging, men det kan bli aktuelt med gruppeaktivitetar etter kvart. Det kan også bli halde kurs innan ulike tema.

Kvar ligg Frisklivssentralen?

Frisklivssentralen held til i same lokale som fysioterapeutane på Lom Helsesenter.
  • Målgruppe for tenesta

    • Frisklivssentralen skal fyrst og fremst vera eit tilbod til personar som treng motivasjon og hjelp til å endre helsevanar.
  • Slik får du tenesta

    • Du må ha avtale før du møter opp på Frisklivssentralen.
    • Du kan ta kontakt med Frisklivssentralen sjølv og avtale time. Du kan også tilvisast frå lege, anna helsepersonell eller NAV.
    • Oppfølging over ei reseptperiode på tre månader. Denne kan forlengast ved behov.
    • Opningstid: Fredag kl 10.00-18.00
  • Pris

    • Frisklivssentralen er ei gratis teneste.
  • Kontakt

    • Anne Marstein, folkehelsekoordinator og leiar av Frisklivssentralen i Lom.
  • Kontakt e-post

  • Kontakt telefon

    • 915 48 319