Frist for UKM sundag 15.januar

Klubb fredag kveld. Frist for å melde seg på UKM 15.jan.

UKM 2012To viktige meldingar til ungdom i Lom:
1 Det er ungdomsklubb i kveld, fredag 13.januar.
2 Fristen for å melde seg på UKM er sundag 15.jan. I år er det også høve til å melde seg på nettredaksjon. Elles er alle kulturuttrykk velkomne; song, instrumental, dans, dikt, novelle, trylling, drama, bilete, skulptur, film o.a.
Meld deg på digitalt på www.ukm.no Viss du har vanskar kan du kontakte meg, så skal det nok ordne seg.

Påmelding

Juniormønstringa laurdag 11.februar er for unge i alderen 10-12 år.
Seniormønstringa sundag 12.februar er for ungdom i alderen 13-20 år.
Påmelding seinast midnatt sundag 15.januar på www.ukm.no
Viss du har vanskar kan du kontakte kristbjørn.rossehaug@lom.kommune.no mobiltlf. 404 48 548.

Seneinnslag med komp

Seneinnslag skal i utgongspunktet halde seg innanfor ei tidsramme på 5 min.
Det vil seia at eit innslag er nok.
Vi har eigen huspianist som kan kompe deg om du treng det.
Treng du anna komp må du anten skaffe det sjølv eller ha med komp på CD.
Har du med andre til å kompe deg må minst halvparten av dykk vera innanfor aldersgruppa (ikkje over 20 år). Er du åleine med f.eks. to vaksne går ikkje det. Då må du anten finne yngre musikarar eller bruke CD-komp.


  • Tips ein ven

Lom kommune

Midtgard
2686  Lom
Telefon: 61 21 73 00
post@lom.kommune.no

GPS-koordinatar:
61.83714589755465,
8.570044040679932