Vanlege spørsmål/Friviljugsentralen
Logo friviljugsentralen

Logo friviljugsentralen

Friviljugsentralen har fått ny logo. Den nye logoen er vorte ei merkevare for alle landets friviljugsentraler.

Friviljugheita som merkevare!

Logoen blir ofte brukt i lokalavisa, attendemeldingane er gode. folk ser godt logoen.
Friviljugsentralen har etterkvart vorte ein særs populær og verdifull møteplass for mange i bygda. der ein treffer venner og kjente og skaffar seg nye venner. Møteplassen er for alle aldersgrupper. Sentralen er utvikla av menneskje som er knytt til sentralen. Sentralen initierer, mobiliserer og samordner friviljug aktivitet. Aktivitetane er lagt opp i tråd med lokale føresetnader og behov.Aktivitetane er eit tillegg til offentleg verksemnd.
Lom friviljugsentral har ei verdiplattform: TRIVSEL, TRYGGLEIK, TILHØYRE.
Den friviljuge innsatsen i Lom er stor, sjølv om det er vanskeleg å slå fast akkurat kor mange friviljuge timar det dreier seg om til saman, over 8000 timar i året, nærare 4 årsverk. Ein opplever ei entusiasme blant innbyggjarane, ved å stille opp og hjelpe sine medmenneske.
Dei friviljuge får ikkje noko lønn for arbeidet, dei betaler av sin egen lykkebrønn, ved å gi av tida si til andre. Aktivitetane er til ei kvar tid annonsert inn under aktivitetar.
Tips ein ven Skriv ut