topnav left.png
topnav right.png
lom nasjonal.png
mainmenu left.png
Svart på hvitt - normalt Gult på svart - invertert Svart på gult
A A A
mainmenu right.png

Friviljugprisen 2010

Friviljugprisen til Marit SlettenVi oppmodar innbyggjarar og lag/organisasjonar til å nominere kandidatar til Friviljugprisen 2010 innan 15. februar 2011. Ei nemnd på tri medlemer kårar ein vinnar av friviljugprisen blant dei nominerte kandidatane. Medlemene i nemnda representerar Lom Idrettsråd, Lom Musikk-/kulturråd og Lom Friviljugsentral. Prisen blir delt ut på lagsfesten.

Retningsliner for Friviljugprisen er:

  • Prisen skal gjevast til ein engasjert person, lokalt lag/foreining eller gruppe, som gjennom friviljug innsats har utmerka seg med initiativ, pågangsmot og innsats til beste for den enkelte og samfunnet.
  • Prisen kan gjevast med bakgrunn i ein person, lag, eller gruppe sin innsats over tid, eller vera knytt til eit spesielt initiativ, prosjekt eller arrangement.
  • Ved tildeling av prisen skal det også leggjast vekt på innsats for å auke rekrutteringa til friviljug sektor.
  • Gjennom å lyfte fram gode eksempel skal prisen synleggjera eigenverdien og samfunnsverdien ved friviljug innsats.
  • Over tid skal det mangfaldet og den breidda ein finn i friviljug sektor gjenspeglast i eit tilsvarande mangfald av prisvinnarar, med tanke på m.a. organisasjonsform, tematikk, alder og kultur.

Friviljugprisen gjekk i 2007 til Ronny Nestvold og for 2008 til Marit Sletten. Prisen vart ikkje delt ut i 2009 grunna ny organisering av utdelinga.

Send din nominasjon i brev eller e-post til Lom kommune!



  • Tips ein ven