Julie og Ragnar Øyjordet fekk tildelt Friviljugprisen av varaordførar Mai Bakken.

Julie og Ragnar Øyjordet fekk tildelt Friviljugprisen av varaordførar Mai Bakken.

Prisen for 2010 delt ut på lagsfest i Lidarende

Friviljugprisen til Julie og Ragnar Øyjordet

Tysdag 24.mai hadde Lom kommune invitert friviljuge frå det varierte lagsarbeidet i bygda til fest. I underkant av 30 personar frå ulike lag hadde ein triveleg kveld med song, musikk, forteljing, god mat, polonese og gamaldans.

Friviljugprisen for 2010

Høgdepunktet var då varaordførar Mai Bakken kunne dele ut Lom kommune sin friviljugpris for 2010 til ekteparet Julie og Ragnar Øyjordet. Vinnarane fekk eit måleri av Wilhelm Bjertnes som heidersteikn. Prisvinnarane har i ei årrekkje vore aktive på mange ulike måtar innan m.a. musikk og bygdekultur. Dei har formidla til mange ulike grupper, frå born til eldre. Julie og Ragnar Øyjordet var overraska og rørte då dei fekk prisen. Dei hadde inga aning om tildelinga på førehand.

Samarbeid om lagsfesten

Lom trekkspelklubb spelte opp til polonese og dans. Synnøve Sakura Heggem bidrog med song og musikk. Lia ungdomslag hadde ordna Liakviss og hadde dessutan kjøkenteneste og anna praktisk tilretteleggjing.Elles var det tilsette i Lom kommune som stod for festen i nært samarbeid med vertskapet i Lia ungdomslag.
Tips ein ven Skriv ut