Juleavslutning.

Juleavslutning på fredagstreffen

Juleavslutningar er noko alle ser fram til med pakkar, graut, julekaker og besøk av nissen. Alle på fredagstreffen vart i år som i fjor inviterte til musikkandakt i Lom Stavkyrkje, kjente og kjære julesongar og solistar Roar Aas og Synnøve Heggem sang vakkert i julepynta kyrkje. Organist Terje Blakarstuen spelte.

Meir til friviljugsentralen.

Kommunestyret i Lom gjorde ekstra krus på arbeidet som friviljugsentralen gjer!

Under kommunestyre møte i desember, foreslo Ordførar Simen Bjørgen at kommunen skulle yte ein ekstra skjerv til friviljugsentralen. Uttala til Simen, friviljugsentralen er ein viktig aktør i bygda.
Logo friviljugsentralen

Friviljugheita som merkevare!

Friviljugsentralen har fått ny logo. Den nye logoen er vorte ei merkevare for alle landets friviljugsentraler.

Logoen blir ofte brukt i lokalavisa, attendemeldingane er gode. folk ser godt logoen.
Friviljugsentralen har etterkvart vorte ein særs populær og verdifull møteplass for mange i bygda. der ein treffer venner og kjente og skaffar seg nye venner. Møteplassen er for alle aldersgrupper. Sentralen er utvikla av menneskje som er knytt til sentralen. Sentralen initierer, mobiliserer og samordner friviljug aktivitet. Aktivitetane er lagt opp i tråd med lokale føresetnader og behov.Aktivitetane er eit tillegg til offentleg verksemnd.
utlodning 064_3296x2472

Utlodning på friviljugsentralen.

Det er mykje flinke håndverkarar i bygda vår, som har laga rosa vottar,luer og skjerf, sokkar. Utskjere trekoppar, nissar, hekling, sying. Kreativiteten er på topp.

Når er dei ulike treffa?

Sjå kalenderen på høgre side for detaljert og oppdatert oversikt.

Dette er trefftidene:
- Småbarnstreffen, annakvar tysdag kl 10.
- Fredagstreff, kvar fredag kl. 10:30.
- Seniordans, kvar måndag kl. 16:30 i Steinfjoset.
- Stavganggruppe, kvar onsdag kl. 11.
- Strikkegruppe, annakvar måndag kl. 11.

Kan eg få skyss til treffdagane?

Ja, det er mogleg. Ta kontakt med oss på Lom friviljugsentral på telefon 61 21 19 88.

Korleis kan eg bestille og få køyrt mat heim til meg?

Ta kontakt med kjøkenet på Lom helseheim, telefon: 61 21 72 33, eller Lom friviljugsentral telefon 61 21 19 88.