Foto av Eidenshage

Foto av Eidenshage

Frukostmøte for næringslivet 15. mars

Lom kommune, NAV Lom og Skjåk og Visit Jotunheimen AS inviterer til eit frukostmøte for næringslivet på Fossberg Hotell i Lom.
Nils Arne Haugen frå Sparebank1 Lom og Skjåk gir oss ei oppsummering på året 2016, og vi får besøk av Marius Haugaløkken og Sigurd Rønningen for å prate om omdømmearbeid, trendar og digital marknadsføring. Korleis bør du jobbe for å nå ut?

Praktisk informasjon

Stad: Fossberg Hotell
Dato: Onsdag 15. mars
Tidspunkt: kl. 8.00-9.30
Enkel servering. Arrangementet er gratis og ope for alle.

PÅMELDING: ashild.amundsen@lom.kommune.no  / 975 22 977 innan 13. mars pga. servering.  

Program

Kl. 8: Velkomst v/ arrangør
Status for året 2016 v/ Nils Arne Haugen i Sparebank1 Lom og Skjåk
Omdømmearbeid og digital marknadsføring v/ Marius Haugaløkken og Sigurd Rønningen
Avrunding og mingling. Vi tek sikte på å avslutte rundt halv ti.

Sigurd og Marius
Sigurd Rønningen og Marius Haugaløkken

Om foredragshaldarane

Sigurd Rønningen er m.a. journalist og bloggar for UTE-magasinet, og driv bedrifta «Gull og Gråstein AS» i Vågå. Sigurd var ansvarleg for felles stillingsslepp for Vågå, Lom og Sel i romjula, som samla rundt 60-70 stillingar og fekk stor merksemd i media.

Marius Haugaløkken er vertskap på DNT-flaggskipet Gjendesheim. Han bruker media og digital marknadsføring aktivt for å promotere bedrifta og Jotunheimen, og har bidrege til ei oppblomstring av mange nye arrangement i Sjoadalen (t.d. Jotunheimen Reinsdyrfestival).

Nils Arne Haugen er banksjef for bedriftsektoren i Sparebank1 Lom og Skjåk. Nils Arne har lang fartstid i Lom og kjenner bedriftene og utviklinga her godt.

Vel møtt! 
Klikk deg gjerne inn på Facebook-arrangementet:  https://www.facebook.com/events/593870567476622/
Heile invitasjonen kan du lese her

 

Nils Arne Haugen
Nils Arne Haugen i Sparebank1 Lom og Skjåk
Tips ein ven Skriv ut