Frukostmøte på Bakeriet. Foto av Eidenshage

Frukostmøte på Bakeriet. Foto av Eidenshage

Frukostmøte for næringslivet

Tysdag 5. mars blir det arrangert frukostmøte for næringslivet. Det blir lagt opp til eit uformelt møte der alle er velkomne.  Det er gratis å delta, men ynskjeleg med påmelding på grunn av servering. Påmelding kan sendast til ashild.amundsen@lom.kommune.no innan måndag 4.mars kl. 12.

Innhald

Dagleg leiar i Nord-Gudbrandsdalen Næringsforening får 15 min. for å fortelje kort om næringsforeininga og framtidige planar, mens resten av tida er det lagt opp til open dialog og «skravling». Ordførar og næringssjef deltek frå kommunen.Her blir det aktuelt å diskutere om slike møteplasser er naudsynte, om det bør vera tema- eller bransjefordelt, kor ofte det bør arrangerast m.m.

Stad: Bakeriet i Lom
Tidspunkt: Tysdag 5. mars kl. 8.00-9.00

Nytt til næringslivet

Ynskjer du å lese resten av innhaldet i nyheitsbrevet for februar 2013? Da kan du opne vedlegget nedst på sida. Her står det om:

  • Lom og Skjåk Sparebanks Næringslivsfond - søknadsfrist 15.mars
  • Oversikt over ledige lokale i Lom
  • Tilskot til natur- og kulturbasert næringsutvikling
  • Diverse 

Dette brevet blir sendt ut til næringsdrivande i Lom. Ynskjer du å motta brevet, kan du gi ein lyd til næringssjefen i Lom på e-post ashild.amundsen@lom.kommune.no

Vedlegg

Tips ein ven Skriv ut