Fyrstehjelpskurs

Fyrstehjelpskurs

ved Garmo oppvekstsenter

Fyrstehjelpskurs

Fredag 1.november hadde personalet ved Garmo oppvekstsenter kurs i livreddande fyrstehjelp.

Kurset gjekk over tre timar denne fredagsmorgonen, og var i regi av Gudbrandsdal bedriftshelseteneste. Kurshaldaren, Rune Sundt, kursa deltakarane på hjartekompresjonar og munn-til-munn-metoden på både baby, barn og vaksne. I tillegg fekk dei opplæring i kva symptom ein kan sjå etter ved allergisjokk, hjerneslag og indre blødingar. SAM_0090[1].JPG

SAM_0096.JPG

 

Alle deltakarane var veldig nøgde med kurset.

Tips ein ven Skriv ut