Biletet syner ivrige turgåarar ved Skimhytta.

Biletet syner ivrige turgåarar ved Skimhytta.

Gågruppa i Lom går så det susar!

Kvar onsdag samlast ein gjeng gå-entusiastar til triveleg tur i området rundt Lom sentrum. Her er det plass for alle som vil, uansett kva form ein er i og kor gamal ein er. Alle er hjarteleg velkomne!
  • Kvar onsdag. Tid og oppmøtestad kan variere. Vanlegvis kl 18 ved biblioteket. Følg med på facebookgruppa "Gågruppe i Lom", eller ta kontakt med Arve Nørjordet, Terje Olstad eller Anne Marstein om du er usikker.
  • Rute blir bestemt i fellesskap ved oppmøte
  • Turen tek alt frå 30 min til 1 1/2 time - alt etter kven som er med og kva som er ønskjeleg.
  • Det er viktig at alle er med - her blir ingen etter.
  • Hundar er heilt greitt så lenge dei går i band.

Vel møtt til god trim! Og litt tullprat.

Tips ein ven Skriv ut