Føremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for aktivitetspark med klatring - fortrinnsvis i tre. Mesteparten av arealet lagt ut med reguleringsføremål Spesialområde Aktivitetspark (aktivitetsområde for klatring). I eit byggeområde på om lag 1,6 dekar skal det kunne førast opp servicebygg og lager. Total utnytting i byggeområdet skal ikkje overskride 250 m2 - BYA inntil 25 %. Det er gjeve detaljerte reglar for utforminga av bygningane - m.a. at utforming og materialbruk skal tilpassast området/utformast med forbilde i tradisjonell byggeskikk i området. Vegtilkomsten skal skje til ny avkøyring frå Raubergstulvegen ved Raubergstulen. Det er elles avsett areal for parkeringsplass for besøkande.