e-c3a6-aktiv-c3a6-du

Sundag 22.mai, kl. 12

Gardsbesøk på Graffer i Lom

Vi inviterer til ein dag med ulike aktivitetar, der dyra er i sentrum.

På garden er det:

  • høner med kyllingar
  • sau med lam
  • katt
  • hest som vi kan ri på

Om vi ønskjer det er det mogleg med omvisning på gardsmuseet. Graffersbunaden har sitt opphav her. Garden er frå 1700-talet. 

Her kan du lesa meir om Graffer(Lenke)

Er vêret bra blir det grilling av pølser ute – ta på godt med klede. Blir det for dårleg vêr, grillar vi i peisen! Ta gjerne med eit sitteunderlag.

Kaffe og kaker høyrer med.

Slik finn du fram:   Adr: Graffer gard, Meadalsvegen 42, 2685 Garmo. (sjå kart)

Frå Vågå:  Kjør Rv. 15 mot Lom. Eit stykke etter at du har passert Garmo vil du koma inn på ei lang rettstrekning. I enden av denne skal du svinge av til venstre og fortsetja på Meadalsvegen. Du ser garden rett mot deg når du svingar av Rv. 15.

Frå Lom: Kjør Rv.15 mot Vågå. Med det sam du kjem opp Rådsbakkane svingar du til høgre og inn på Meadalsvegen.

 

Velkomne!

Påmelding til Lom kommune v/Reidun Øvre Øygard, tlf. 41 50 18 65 innan 19.mai.

Tips ein ven Skriv ut