Garmo barnehage

Garmo oppvekstsenter
Garmo barnehage ligg i Garmo, 15 km aust for Lom sentrum. Barnehagen har ei avdeling, med ungar frå eitt til fem år. Barnehagen er del av eit oppvekstsenter saman med Garmo skule og SFO. Rektor er leiar for senteret.

Plukkar tyttebær

Flotte omgjevnader

Garmo barnehage ligg flott til, med skogen som næraste nabo. Her kan ein gå både korte og lengre turar, og det er fleire gapahukar i nærleiken. Om vinteren går det skiløyper utanfor barnehagen.

















Lesestund

Vår visjon er GARMO:

  • G for glede:  Vi ynskjer at små og store skal glede seg over å vere i barnehagen.
  • A for aktivitetar: Ungane skal oppleve/lære/ha det artig gjennom ulike aktivitetar.
  • R for ros: Det er fint både å gje og å få ros. Ros oppmuntrar og gjev sjølvtillit.
  • M for medverknad: Ungane har rett til å uttrykkje seg om og få innverknad på kvardagen sin i barnehagen.
  • O for omsorg: Vi vil vise omsorg gjennom nærleik og innleving, og engasjere oss i den einskilte unge sin trivsel og utvikling.

Opningstider

Barnehagen er open fem dagar i veka frå kl. 07.00 - 16.30.
Barnehagen er stengt i juli, romjula og påskeveka. I juli får ungane tilbod om å vere i Loar barnehage.