Framside»Tenester til deg»Kyrkja»Garmo kyrkje

Garmo kyrkje

Garmo kyrkje inngangsparti
Garmo kyrkje inngangsparti

Om kyrkja

Garmo kyrkje er ei langskipkyrkje i tre. Kyrkja er frå 1879. Kyrkjeinteriøret er særmerkt av treskurden som er laga av lokale kunstnarar. Kyrkja er bygd i sinklaft og byggmeister var Elias A Tonning frå Stryn.
Den gamle kyrkja i Garmo var ei stavkyrkje som er reist opp att på Maihaugen på Lillehammer.

Garmo kyrkje fasade

Plassering

29. desember 1869 var det fyrste møtet angåande ny kyrkje. Samtlege gardbrukarar og husmenn vart innkalla til møte. Kyrkjelyden var både interessert og offerviljuge. Kommunen og kyrkjelyden var ikkje einige om plasseringa av kyrkja. Kyrkjelyden ville ha tomta Bergåkerflaten, medan kommunen ville ha tomta Leitet. Saka gjekk til departementet som støtta kommunen og kyrkja vart plassert på Leitet.Eit år forsinka kunne bygginga starte. Kyrkja er teikna av arkitekt Nordan. Lafteteknikken sinklaft skulle nyttast. Arbeidet blei leia av byggmeister Elias A Tonning. Truleg kom materialer og arbeid på om lag 12 000 kroner.

Kyrkjeklokke i Garmo kyrkje
Kyrkjeklokke i Garmo kyrkje

Utstyr

Den gamle klokka frå 1816 er støypt hjå Erich Schmidt i Christiania. Kyrkjetilsynet uttalde i 1918 fylgjande: "Kirken har kun en klokke; den som har hengt i den gamle Garmo kirke. Den er altfor svag og lidet høitidleig røst. 2 gode samstemte klokker bør anskaffes."
Ein innsamlingsaksjon i 1971 sytte for ei ny klokke som er dobbelt så stor. Utanpå klokka står innstøypt:"Denne klokka er ei gåve til Garmo kyrkje frå kyrkjelyden i Garmo 1971." På innsida er det gamle Kristusmonogrammet. O. Olsen og Søn Klokkestøyperi støypte klokka.

Inne i Garmo kyrkje, koret
Inne i Garmo kyrkje, koret

Inventar

Inne i kyrkja i Garmo

I 1938 vart omvølingsarbeidet i Garmo kyrkje ferdig. Åsmund Nyrnes var arbeidsleiar for alt snikkararbeidet. Kyrkja vart isolert og bordkledd inni, og taket vart senka. Reidar Nyrnes laga ein rekkje ting til kyrkja, mellom anna: preikestolen, baldakin, ljoskrone, lampettar, krusifiks til altartavla og englar i korskilet. All treskurden er laga av lokale kunstnarar. Akantusmønsteret er nytta, slik det òg var på den gamle altartavla som er i forvaring på Systun Garmo. Englane på kvar side av korbogen har ein symbolikk; den kvinnelage med horpa peikar oppover mot frelsa, den mannlege med basunen peikar manande mot kyrkjelyden. Dei 3 smedane: Johannes Lillehagen, Jakob o. Svare og John Dalen smidde alt det solide smiarbeidet i kyrkja.

Preikestolen i Garmo kyrkje
Preikestolen i Garmo kyrkje

Preikestolen blei i 1879 måla og staffert av Rasmus Bræk frå Skjåk. Den hadde grå-blå botnfarge og forgylte lister.
Preikestolen vart gjort om i 1940-åra av Reidar Nyrnes

Tips ein ven Skriv ut