Brannøving

Fredag vart det gjennomført uvarsla brannøving for alle på Garmo oppvekstsenter.Det vart full aktivitet med ein gong alarmen gjekk og personal og ungar var raskt i gang med evakuering av bygget.Alle samla seg ved flaggstonga ute i skulegarden der det var opptelling og registrering.
Frå alarmen gjekk til alle var plass og opptellinga ferdig gjekk det 2 minutt og 45 sekund. Det var ei vellykka brannøving,alle visste kva som skulle gjerast ved slike hendingar.Alle var einige i at det var godt det berre var ei øving.

Arbeidslivsfag for 8. klasse frå hausten 2012

8. klasse ved Lom ungdomsskule vil kunne velje arbeidsliv som alternativ til framandspråk og norsk-engelsk fordjuping.Faget har tre timar pr.veke.

Garmo oppvekstsenter

Garmo oppvekstsenter ligg 15 km aust for Lom sentrum, og har avdeling for barnehage og klassetrinna 1 - 7. Garmo skule er ein tredelt skule.

Rektor: Mariann Øygard, telefon , mobil 92 88 67 86 og e-post mariann.oygard@lom.kommune.no.

Lom kommune

Sognefjellsvegen 6
2686  Lom
Telefon: 61 21 73 00
post@lom.kommune.no

Opningstider servicetorget:
Måndag-fredag 8:00-15:30

GPS-koordinatar:
61.83714589755465,
8.570044040679932