Ellen Olasveen gir hjartestartar til Oda Evy Øyen

Ellen Olasveen gir hjartestartar til Oda Evy Øyen

Gild gåve til Lom helseheim

Støttegruppa for ambulansa i Lom blir i desse dagar avvikla, etter over 20 år med viktig arbeide for ambulansetenesta i Lom. Resten av midla støttegruppa disponerar blir brukt på eit aldri så lite gåvedryss! 

Støttegruppa vart oppretta i 1995, med eit kjernestyre beståande av Ellen Olasveen, Liv Stenersen og Kjell Mallaug. Støttegruppa søkte den gongen kommunen om midlar til innjøp av materiell til ambulansane, utdanning av personell så vel som kursing av alt frå småbarnsforeldre til lærarar.

Etter at Sykehuset Innlandet HF tok over drifta av ambulansa har behovet for støttegruppa vorte mindre - dei resterande midla støttegruppa disponerar går mellom anna til denne hjartestartaren som Lom helseheim har fått. Ein slik hjartestartar kan utgjera den store forskjellen mellom liv og død. Oda Evy Øyen ved Lom helseheim tok i mot den gilde gåva med stor takksemd. "Dette er jo slik vi berre MÅ ha"!

Lom kommune nyttar høvet til å takka dei involverte i Støttegruppa for ambulansa i Lom for det viktige arbeidet dei har lagt ned for oss i Lom!

Tips ein ven Skriv ut