Nasjonal kampanje mot mobbing

"Gjer ein forskjell"

Loar skule arbeider heile tida med å førebyggje mobbing. Denne veka er det nasjonal kampanje mot mobbing, «Gjer ein forskjell», som er ein del av den større kampanjen «Manifest mot mobbing» som er eit samarbeid mellom regjeringa, KS, dei ulike fagforeiningane og Foredreutvalet for grunnopplæringa og Foreldreutvalget for barnehager og Sametinget. 

Vi starta dagen ute i skulegarden der rektor held ein stutt apell og oppfordra alle til å sjå kvarandre. Vi song songen «Stopp – ikkje mobb» og hadde ei stutt «Røris»-økt før vi gjekk til hovudaktiviteten for dagen – samarbeidsoppgåver i Preshaugen. Elevane var da delt inn i grupper på tvers av klassestega og skulle saman løyse fleire oppgåver som 7.klasse hadde ordna til rundt om i Presthaugen. 

Her var det alt frå smak av ulike matvarer, gjette kva som er på bilete, lage tårn, kaste på bytta og meir til. 

Elevane storkosa seg og melde berre positivt attende om dagen.

Vi ønskjer å gjera det beste arbeidet med å førebyggje mobbing på vår skule. Vi har difor jamlege diskusjonar i personalet om tiltak som kan førebyggje. 

Slike dagar er gull verdt med tanke på å skape nye relasjonar og venskap mellom elevane. 


  1 / 17 
 
7. klasse var førsongarar 
7. klasse var førsongarar
 


Tips ein ven Skriv ut