Glad, ung og spræk i Nasjonalparkriket

Glad, ung og spræk i Nasjonalparkriket

Ungdommen dansa på Spranget torsdag

Glad, ung og spræk

Neida, det er ikkje trykkfeil. Det regionale danseprosjektet heiter Glad, ung og spræk i Najonalparkriket. Lokale musikarar hadde laga eigen låt og dans til prosjektet, som er eit folkehelseprosjekt leia av folkehelsekoordinator i regionen, Stian Høglien. 9.klassane frå seks ungdomsskular i regionen møttest etter å ha øvd inn dansen i vår. Her vart det både fottur, spørjekonkurranse, info om Rondane, konsert og sjølve dansen.
Glad, ung og spræk i Nasjonalparkriket

Stort engasjement

Det var stort engasjement blant alle dei flotte 9.klassingane som hadde øvd inn dansen.
Glad, ung og spræk i Nasjonalparkriket

Nasjonalpark og ungdom

Gro Heitkøtter fortalde om den 50 år gamle nasjonalparken. 8.klassingane hadde spørjekonkurranse om Rondane nasjonalpark.
Glad, ung og spræk i Nasjonalparkriket

NRK var der.

Lokalpressa var som vanleg til stades. Det var også NRK. Her kan du sjå og høyre noko av det som skjedde.

Glad, ung og spræk i Nasjonalparkriket
Glad, ung og spræk i Nasjonalparkriket

Stian med sekken

Idretts- og folkehelsekoordinator Stian Høglien arrangerte nylaga dans, eigen konsert m.m. på fjellet. I tillegg til dei flotte ungdommane imponerte ikkje minst Kjell Marius Snipen og Von frå Dovre.Nysnøen truga i bakgrunnen, men på Spranget rådde ung glede og sprek aktivitet.
Tips ein ven Skriv ut