Skjermbilde 2016-04-18 kl

Saman på sykkel:

Gladmelding!

Pleie og omsorg i Lom har motteke ein rickshaw el. sykkel frå Gjensidigestiftinga «Sammen på sykkel» etter initiativ frå folkehelsekoordinator i kommunen, Reidun Øvre Øygard. «Saman på sykkel» er ein ideell organisasjon med mål om å bidra til auka folkehelse i Noreg. Visjonen er å få ein lovfesta pasient- og brukarrett for å kome ut i frisk luft kvar dag. 

Skjermbilde 2016-04-18 kl
Passasjerane gjer seg klare

Elektrisk drahjelp

Ved hjelp av elektriske rickshaw syklar kan friviljuge, familie, vener og tilsette bidra som syklistar og med det gje menneske med nedsett funksjonsevne og mobilitet høve til å koma seg ut på sykkeltur. Passasjerane kan få auka livskvalitet gjennom ei felles oppleving av å suse av garde og  vera tett på livet. 

Skjermbilde 2016-04-18 kl

Vil du sykla?

Sykkelen har frontmontert vogn med plass til to passasjerar.  Sport 1 har delsponsa hjelmar og refleksvest for å gjera sykkelturen trygg. Sykkelen er plassert på Lom helseheim. 

For å få brukt sykkelen mykje, er vi avhengige av hjelp frå deg! 

Har du tid til overs , ber vi deg ta kontakt med Friviljugsentralen som vidareformidlar til oss.  Tor Arne Sandviken er friviljug pådrivar og ivrig el.syklar. Han vil bistå i opplæring av sykkelen. 

Er du tilsett, pårørande eller friviljug, er du ungdom eller vaksen og har lyst til å ta med pasientar og bebuarar på sykkeltur, er  du velkomen  til  opplæring/test av sykkelen ved  Tor Arne Sandviken utanfor hovudinngangen ved Lom helseheim

Måndag 25.04.2016 mellom kl. 14-16 eller 

Laurdag 23.04.2016 mellom kl. 13-15

Vi gler oss til å ha deg med på sykkellaget! Ut på tur, aldri sur!

For meir informasjon gå inn på www.sammenpåsykkel.no

 

Helsing 

Pleie og omsorg og Friviljugsentralen i Lom

Skjermbilde 2016-04-18 kl
Tips ein ven Skriv ut