Stand på Verdsdagen for psykisk helse

Stand på Verdsdagen for psykisk helse

Markering av Verdsdagen for psykisk helse kombinert med Hausttakk

God helse på Hausttakk

Sist laurdag var det markering av Verdsdagen for psykisk helse under Hausttakk i Bismo. Verdsdagen blir markert felles for Lom og Skjåk kvart år. Varianten i år var ny, men vellykka.
Hausttakk i Bismo

Hausttakk og imponerande teikneutstilling frå barneskulane

Hausttakk blir arrangert i Skjåk omtrent på den tida Verdsdagen for psykisk helse blir markert. Det var mykje liv og røre i Bismo denne dagen. På førehand hadde barneskulane i Lom og Skjåk laga fleire hundre teikningar over temaet "Vær me`" som pryda veggane i kjøpesenteret. Det vart trekt ut ti premiar blant alle. Ei verkeleg flott og imponerande utstilling vart det.
Fotballtriksing

Ver med! Du kan få verme deg!

Mange lag og aktørar var inviterte til å vera med. Ein aktivitets- og trivselsdag for alle i alle aldrar og situasjonar var målsetjinga. Overskrifta "Vær me`" skulle signalisere både invitasjon til å vera med, og det å verme seg saman med andre menneske. Verdsmeister i fotballtriksing "Azun" med tilknyting til Lom var ein imponerande og populær aktør.
Nysirkus
Nysirkus

Allsidige aktivitetar for alle

Nysirkus var ein annan aktivitet. Travers ein tredje. Knipsarlaget hadde stand og fotokonkurranse. Det var aktivitetar i basseng og idrettshall, og det myldra i og utanfor telta ved kjøpesenteret. Veret var strålande og dei mange frammøtte såg ut til å kose seg.
Kristin Øyjordet og Anne Marstein
Kristin Øyjordet og Anne Marstein

Tilfredse arrangørar og deltakarar

Kristin Øyjordet og Anne Marstein frå arrangørgruppa stod m.a. planleggjing og gjennomføring av markeringa, der kaffikoking over bålvarme og triveleg prat var ein viktig miljøskapar denne dagen. Så langt vi kan vurdere det må markeringa av verdsdagen reknast for å vera vellykka. Det ser iallfall slik ut på Kristin Øyjordet og Anne Marstein i arrangørnemnda.
Tips ein ven Skriv ut