God jul til alle som gjer noko for andre

Utan friviljug innsats ville livet i bygda vår vore fattig

Vinter i Lom
Til alle flittige hender
i idrett og kultur
som gjer at mykje hender
i bygda der vi bur,

til dykk som viljug stiller opp
på trening, øving, fest,
og gjer at alle har det topp,
og allting løyser best

når utfordringane strøymer på
i alt de steller til,
de får det meste til å gå
fordi de alltid vil!

Dykk ynskjer vi å takke nå
når vi ved årsslutt står,
og håpar framleis de står på!
God jul og godt nytt år!


  • Tips ein ven