God utvikling i folketalet

Lom har hatt ein gledeleg vekst i folketalet så langt i år på 13 personar. Det har vore ein del positivt arbeid i Lom i det siste, som kan gjera sitt til at folk har interesse for Lom som bustad. Så vert det spanande å sjå utviklinga vidare.
Ved årsskiftet var det 2.406 busette i Lom. Ved utgangen av tredje kvartal er folketalet auka til 2.419. Ut frå prognosane og den utviklinga som har vore dei siste åra, kan det vera tilfeldig at det har vorte slik i år. Men vi tar med oss dette, og vonar at ei langvarig negativ utvikling er snudd.

Liv i Lom og tilflyttarprosjekt

Utviklinga i folketalet er den største utfordringa vi står framfor. Det har vore gjort mykje positivt arbeid i Lom dei siste åra for å prøve å snu den negative utviklinga. Vi kan ikkje vite sikkert, men vi håper og trur at både det aktive tilflyttararbeidet og, ikkje minst, prosjektet "Liv i Lom" har vore med og gjeve oss dette gode resultatet.
Tips ein ven Skriv ut