Auke i 2009, og det held fram i 2010

God utvikling i reiselivet

Statistisk sentralbyrå (SSB) har lagt fram statistikk som syner ein klar framgang i talet på overnattingsdøgn i Lom. I 2009 var det ei auke på meir enn 11.000 overnattingsdøgn (ein framgang på 7,0%) og så langt i år er det ei auke på heile 14,2%.
- Dette er spesielt gledeleg i og med at Galdhøpiggen summarskisenter har måtta halde stengt store delar av sumaren. Trafikken har likevel vore svært stor, seier ein godt nøgd ordførar Simen Bjørgen i ein kommentar til statistikken.
- Det er kjempegode tal for Lom både på gjestedøgnsstatistikken og tal frå SSB på detaljvareomsetninga. Lom og Jotunheimen er eit attraktivt og populært reisemål, seier Bjørgen.

Nasjonalparklandsbystatusen aukar attraksjonskrafta

- Handelsstaden i Lom tek nye delar av marknaden kvar dag. Det er spanande og sjå alle dei gode tilboda som er utvikla og som kundane set pris på. Eg vonar denne gode og positive utviklinga vil halde fram, avsluttar Bjørgen.
Tips ein ven Skriv ut