Utgard sett frå Grov 22.nov. 2012.

Utgard sett frå Grov 22.nov. 2012.

Lomværane er gjestfrie og nyskapande

Gode idear og samarbeidsvilje om Utgard

Onsdag var aktørar i bygda inviterte til å koma med tankar, idear og forslag i samband med etableringa av storanlegget Utgard. Ei rekkje representantar for ulike lag, skular m.fl. møttest på Midtgard om ettermiddagen, medan næringslivet drøfta dette og andre saker på Fossheim om kvelden. Båe stader var optimisme og stor vilje til samarbeid og innsats dominerande.
Konklusjonen på det opne møtet for lag og andre interesserte var at det er stor vilje til samarbeid om både opningsarrangement og å fylle Utgard med positiv aktivitet i ettertid. Det er viktig å nytte breidda og ressursane i bygda til å få til større arrangment og prosjekt. Særleg dei unge må få ein sentral plass i opninga. Næringslivet blir utfordra til deltaking og å laga pakketilbod med dei høva og kvalitetane Lom samanlagt har og får når Utgard er realisert. Ein må få raskt på plass ei arbeidsgruppe med ei økonomisk ramme til å planleggje opninga.
Likeeins må det tilsetjast ein person som har som si hovudoppgåve å organisere, koordinere, avtale og skaffe godt og variert innhald som både styrkjer tilbodet for bygdafolk og som kan gjeva inntekter.
Det er framleis ope for å koma med konstruktive innspel i tida framover.

På møtet for næringslivet nokre timar etterpå var stemninga i god tråd med det dei friviljuge og skulane gav uttrykk for. Også her såg ein stort potensiale for bygda når Utgard er realisert, både isolert sett som arena for større tiltak som konferansar og stemne, men også som del av nye pakkeløysingar for ulike målgrupper for næringslivet.

Ut frå dette må vi kunna sjå framtida ljost i møte med mykje kreativ energi som gjev bygda vår ringverknader på ulike vis, både i form av kulturtilbod, auka besøk og aktivitet i bygda, auka inntekter både for kommunen og næringslivet og auka samarbeid mellom aktørar som ikkje har hatt særleg mykje samarbeid tidlegare.
Tips ein ven Skriv ut